Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden    

Mysuseter før i ti´n

Av Syver Ulvolden

Før i ti´n va de 20 sætre på Mysuseter. Sætringen upphørde i 1970, og i dag bli de fleste brukt som hytto. Hyttefolk og turiste ha ti over dein tradisjonsrike sætergrende.

Når sæterdrifta på Mysuseter starta æ dæ ingen som veit sikkert. Trule va dæ drift der ve di tiom eindel brukare vart sjøleigare ette den store gardsauksjon på Bræe i 1743.

På sætrin vart de ysta ost og kinna smør. Te ystingen gjekk dæ mæ mykjy ved. Bjørka vart kjørt fram på førjulsvintern med kvisten på. Dæ vart fyra mæ kvist for å spårå på ve´n. Geita forsynte seg godt tå bjørke, og ette kårt vart de snautt med tre på stul´n.

I 1925 vart dæ ysteri på Otta, og alt året ette starta sætereigerein mjølkerute ned åt bygden med hest. Dæ vart da delvis slutt med ystingen. Ette at dæ vart slutt på geithøille, voks skogen upp att.

Styret for Selsverket sameige ville ikkje ha hyttebygging i sameigun. Dæfor selde sætereigarein hyttetomte innpå kveom. Ette at skogen vart utskifta i 1917 tok sætereigein au te å selja tomte utafor kveom, og i dag æ dæ umtrent 600 hytto på Mysuseter.

Gamle kløvveigje

Trafikken åt sætrin gjekk mæ kløv. Dæ va fleire kløvveigje. Ein gjekk nord for Ula og upp over Stamperandin, vidare uppover Strype, forbi Uldalen og Lié. Dein kom ned Leirrandin, og gjekk vidare ned på Larslykkja. Frå der fortsætte´n innover Breisand åt Gurihåmmår´n. Her umkom forresten ei budeie, da ho sku ta seg forbi berget ein gong Ula va i flåm.

Veigen gjekk så over Raumellbakkjin, forbi Kvitskriuprestein, innover Lykja te Brudalen og over brue. Dein gjekk så bratt upp på Reistbakkflata, innover Flatlie og upp på Grånmyre. Frå her gjekk dein nokså bratt upp forbi Skredderstugusætre, Bottsætre og Søre Kleivmellomsætre.

Ein ann veig gjekk gjennom Dånnådalen forbi Lornstad, innover Slåe, upp Raumellein og Slåleggan, gjennom Breiskriu, forbi Kuspræna, og fram åt Kirstidalsætre. Der slutta´n seg te veigen som gjekk frå Raphamn åt Mysuseter.

Ein kunne au kløvje innover høe åt Raphamn og forbi Ultongstein. Her dø brukar´n på Ultunga ein sondag hein ha vore i kjørkja og va på tur hematt, dæfor navnet.

Krig med måssårivo

Dæ vart ti´ mykjy måsså i Mysuseterfjeillé. Sætereigerein låg på sætrom, mens Ottdølein bygde seg måssåbue på Tjønnbakkjin. Dæ va steill onde døm. Dæ vart hulde hardt på måssårettein. Ein gong Kvamverein kom innpå Sel sitt område vart dæ krig med måssårivo, og Kvamverein måtte rykkje over Glitra att.

Når ein skull nistas ut åt måssåfjeillé vart dæ beregna to lefse åt kår såte, ei øskje med sætersmør, skjørost og anna. Før budeia drog ned frå sæter´n i september silte ho mjølk ti køyllo i bu´n. Detta vart gjort for at karein sku slæppe å berra mæ seg så mykjy når døm drog te fjells for å samle måsså  umlag ein måna seinar. Dæ danna seg ein mugghatt over køylla. Når ein skauv muggen tesides, va de ein sur drikk onde.

I 1870 gjekk måssåkjørerein og sætereigerein i hop og bygde veig innover Uldal´n og bru over Ula. Dæ va eit stort løft. Veigen æ i dag stort sætt som ´n va da, berre umbygd i Reistbakka og Gråhaugbakka. Før veigen vart bygd, kjørte døm måssån på elveisen gjennom Uldal´n og ned åt bygden. Ein kun ´kje kjøre ned måssån før ette jul, før Ula ha kjøvd frå seg. Like eins va de mæ fôret.

Uppå fjeillé vart dæ au tile  bygd ei bru over Ula. Holebrue ligg  innafor ”Loftsgårdshotellet” på veigen mot Peer Gynt. Dæ æ vanskeleg å tidfeste når ho vart sætt upp fyste gongen, men antakeleg skriv ho seg frå dein tidlegaste sæterdrifta sist på 1700-talet. Brue va ein del tå ferdselsveigen åt Ultunga, og da Ula va stor vart ho au brukt tå krytyr på beite. 

Møkk og sveillkule

To kare skull ein gong kjøre møkk utover kvee i Ultunga. Møkjakoken va beintæla, og få´n hakka laus va eit slit. Da va dæ ein som fekk ideen om å bruke dynamitt. Døm plasserte dynamitten, og fyrte laus. Heile koken lausna og tok te å trille ne´over dein bratte kvee. Dein gjekk så vidt klar tå låvin, trilla utum mur´n nest på kveen og forsvant endegjennom skogen. Der vart´n liggan. Dæ bli fortalt at skogen vart særle frodig der. Dæ såmmå skjedd på Ulvoldsætre, men døm kjørte møkje upp på kvea att. Dæ æ ´kje så bratt der.

Fyrry dæ vart veig gjenom Uldaln og upp lié, va de vanlig med vinterleggo på Mysuseter. Ula kjøvdes fyrry jul, og dæ va umogleg å kjøre sæterfôret ned åt bygden. Seinhaustes tok dæfor någre tå sætereigerein mæ seg ein del tå buskapen te sæters. Krytyrein låg på fjeillé så lenge dæ va fôr nok. Dæ va slik vinterleggo i Ultunga og på Mysuseter – på Loftsgårds- og Holesætre.

Ein vinter låg Gammel-Trond Sygard Loftsgård i Ultunga mæ mykjy krytyr. Når de va sveill-vintre kun de værra vanskeleg å få dyrein ned åt bygden att. Ein gong døm skull ned att, va de ei kvige som reiste på sveille, men døm feinn ho att med huggu inni ei stikkrenne, utrulig nok i live.

Skrymt og underbuandes

Innved Glitterdalen ha de gått att ei jente, som på folkemunne vart keilla Glitterdalsjenta. Dæ æ fleire som ha sætt ho. Onde krigen gjekk ein verking å fiska, da´n fekk sjå eit kvinnfolk som gjekk framfor seg. Hein fortsætte innover sti´n. Ho snudd seg, kom i mot´n og gjekk forbi. Ho såg ut som ei gåmeil kjerring. Dæ æ fleire historier um Glitterdalsjenta.

Dæ æ eit fotavtrykk i ein stein på Ottekersætre. Dæ æ nok ette di underbuandes. På Ottekersætre va døm plåga tå di underbuandes. For å få fred fløtte døm sæterhusein fleire gonge. Ein gong vart huldre skræmt og flykta. Ho sætte att eit fotavtrykk ved grinda åt Leirholosætre.

Litte tå kårt ha foregått på Kirstidalsætre, midt millom Mysuseter og Raphamn. Reidar Dahl frå Smedstugu på Selsverket fortalte for någgre år sia på eit historielagsmøte fleire historio um spøkeriein der. Fleire ha hørt trakk, men døm såg ikkje någgå. Og hus ha vorte fløtt uta at dæ ha vore folk der.

Hytteby med eigen kloakk

Mysuseter ha vorte ein hytteby mæ eigen kloakk, flust mæ overnattings- og parkeringsplasse og slalåmbakke. Hest og kjerre æ forlengst ærstatta mæ bil og buss. Dagens Mysuseter æ svært olik dein sætergrenda dein va før i ti´n.

Spesielt i påska æ dæ eit yrande liv på dein tidligare sæterstulen. Sæterdrifta æ forlengst upphørt. Hyttefolk og sau ha ti over. Nå æ dæ kloakkledning ne åt bygden, og snart æ dæ vel klosætt å dusj på mæst eille hyttein. Men e lika meg på Mysusæter´n, leill, e.

Det er meir å lesa om livet på Mysuseter i boka ”Ulvolden på Selsverket 1596 – 1996” , ei slektsbok for familien til Syver Ulvolden. Her kan du lesa meir om blant annet seterlivet og måssåtakingen. Boka har óg eit lengre intervju med Syver Ulvolden, altmuligmannen på Mysuseter. Boka kan lånes på Sel Bibliotek, Otta.

Årstal på sæterhus

Mange hus på Mysuseter ha stokke som æ merkt med årstal. Detta fortel oss någgå um når døm vart bygd, attåtbygd ell stelt på. Någgre stokke æ merkt mæ årstale for når folk rissa navnet sitt, ell fyribokstavein sine, i stokken. 

Låvin på Bottsætre: 1829.

Fjosæt på Bottsætre: 1839.

Sélet på Holesætre: 1881 (reparert dette året)

Sélet på Ulvoldsætre: 1844 og (S.P.S.) 1885 (reparert dette året).

Sélet på Loftsgårdsætre: 1832.

Fjosæt i Ultunga: 1838.

Kleivmellomfjosæt: 1828 (Søre Kleivmellom).

Kleivmellomsélet: PTS 1860 (Søre Kleivmellom).

Weiglin-hytta: 1700, JJS 1803, EEW 1959

Weiglin-hytta, den øvste hytta upp mot Gråhø, va upprinneleg førå-stugu på Ulvolden på Selsverket. Ette Ofsa vart ho fløtt åt Søre Smedstugun, og seinare vart ho stugu i Bekkestuen.

Sætrin på Mysuseter

Eille sætrin på Mysuseter æ forlengst nedlagt ell bli brukt som hytto. I di siste par årein æ dæ berre på Nyhuskveen dæ ha vore hesja. Dette va sætrin på Mysuseter:

Havnsætre (1)

Her budde Imbert Havn, jeger og fjellmeinn.

Jakubstadsætre (2)

Dein låg nedst på Havnkveen. Jakubstad va ein plass onde Havn.

Mosætre (3)

Dæ æ fortalt at Vinje overnatta her. Dæ va på deinna

 turen at ´n skreiv ”No ser eg atter slike fjell og daler”.

Geitsisætre (4)

Her va de tri sætre, Nørdre Geitsida, Søre Geitsida og Rukinsætre.

Loftsgårdssætre (5)

Sætre åt Nordgard Loftsgård, Loftsgårdssætre, va upprinneleg Ulvoldsæter – etter Ofsa vart dæ bytt sætre. På denna sætre va dæ vanlé mæ vinterleggo. Dæ vil si at folk frå gar´n delvis budde der vinterstid i hop mæ kryttyrom sine.

De gamle Loftsgårdskarein starta tidlé med turisttrafikk. I 1900 bygde døm Rondane hotell (”Loftsgårdshotellet”), seinere vart dæ umdøypt te Mysuseter Høyfjellspensjonat og Mysuseter Fjellstue. Te å begynne mæ foregjekk transporten tå gjesté med hest og jigg frå Otta.

I forbindelse med byggingen tå hotellet vart sélet på Loftsgårdsætre fløtt åt Nyhussætre, og dæ store tymret som skull bli sél på Nyhussætre vart i sta´n brukt i fyste høgda på hotellet.

Skjennasætre (6)

Den ligg i millom Loftsgårssætre og Holesætre.

Gammelskjenna-kveé ligg på andre sida tå Rondanevegen. Dæ æ synlige tufte ette hus der, um dæ æ ette lyu ell andre hus veit´n ikkje. Gamle fru Gundersen kjøfte Gammelskjenna-kvee og bygde hytte der i 1904.

Holesætre (7)

Sætre ligg fint te på Holehaugen. Tymret åt Holesætre va haugd i Jupdalen, bak Kåsen. Dæ var stort, og Gammel-Jo Hole kløvde dæfor stokkein ni dal´n. Han va ein harding te å arbeide. På Holesætre va dæ vinterleggo.

Gammel-Jo leigde ut Holesætre. Da turistein lurte på kår doen va, fekk døm detta svaret: Døkk fe gjera døkk som oss, gå burti ei sjogføynn å helle tå hånd.

Oslomeinn Hvoslef budde på Rondsjå på Ulvoldskvea mens´n bygde seg hytte på Holekvea i 1906.

Linlykjesætre (8)

Sætre, som ligg lengst vest på stule, ha haft fleire eigare. Ho heitte fyst Lindlykjesætre. Så skifta ho navn te Rustsætre og seinare te Skredderstugusætre. Ho vart selt som feriested åt Oslomeinn Jakob Aal Bonnevie. Dæ va sogneprest Hauge som ordna handel´n. Som takk for arbeide fekk ´n hælve skogteigen.

Bottsætre (9)

Her vanka Paul Botten-Hansen da´n budde sjå bestemor si på Botten. Botten vart selt te prestgard. I dag æ de Opplysningsvesenets fond som eig sætre.

Ellandstugusætre (10)

Deinna sætre låg vest for Rondane Høyfjellshotell. Asbjørn Eggan frå Ellandsstuggu dyrka kveé i dokka upp mot Finslethaugen og sætte upp Frikstadstuggu.

Ulvoldsætre (11)

Deinna sætre va upprinneleg Loftsgårdsætre. Her hadde Øvre Kolbotn sæter. I 1802 vart ein del tå dein nåværande Ulvoldskvea selt åt Ottekren. Julie Harboe og Margrete Opsahl frå Oslo, bygde i 1905 hytta Rondsjå på Ulvoldskvea.

Da Ottekersætre vart nedlagt ved århundreskiftet kjøfte Sjur Ulvolden to lyo der og bygde seg hytte på Finslethaugen ved sida tå dagens Rondane høyfjellshotell. Styret for Selsverket sameige ville at ´n skull bygge på Finslethaugen fordi ei bydame ville bygge seg hytte der.

Da bror hass, ´n Tomas, kom hematt frå Amerika i tjuge-årein kjøfte´n hytta. Hein budde der i mange år og dreiv jakt, delvis einsle og delvis i hop med´n Syver Hole. Døm leverte mykjy rupe åt Oslo.

Ulvoldsætre på Raphamn skriv seg frå tida da Ulvolden va delt i Søre og Nørdre Ulvolden.

Ottekersætre (12)

Her va di underbuandes, og sæterhuse vart dæfor fløtt fleire gongo. Toftdahl kjøfte sætre ette at ´o va nedlagt, og bygde hytto på tuftom.

Leirholsætre (13)

Deinna sætre ligg innåt Ottekersætre.

Nørdre Kleivmellomsætre (14)

Sætra ligg på flatun. Pål Kleivmellom sætte upp fleire gamle hus, som seinare vart te Mysuseter Turisthytte.

Søre Kleivmellomsætre (15)

Fru Ree bygde husein på søre Kleivmellomkvea, og låggå eit råk som vart keilla Ree-råket. Ho va ei staseleg Oslo-dame, som vart keilla Dronningen på Mysuseter. Sætre vart selt åt zoologi-professor Kristine Bonnevie. Ho helt til der i mange år sammen mæ dein kjænte fysikeren Vilhelm Bjerknes.

Nyhussætre (16)

Sætre ligg for seg sjøl østafor dagens slalåmbakke. Oslomeinn Bødtker bygde seg hytte på Nyhuskvea.

Pungsætrin

Pungen ligg ca. 2 km søraust for Mysuseter, langs veigen åt Furusjøen. Her er 2 sætrer, Nerdahle sætre, nerigast Mysuseter, og Veggumsætre. Båe ligg i Nordre Kolloen statsalmenning.

Nerdahlesætre (17)

Sætre er gåmeil. I mønsåsen i sélet står det 1876, men trule æ sætre eildre. I dag æ dæ i alt sju hus, tå di æ to sél, låve og fjos bygd i tymmer. Fjoset æ lafta tå spesielt grovt tymmer; langveggom består tå berre fire stokke.

Mari Sørhaugen va budeie frå rundt 1915 te umkring 1935. Sia tok dotter hennar, ho Ragnhild Grønn, over som budeie. Ho dreiv på te 1967, da døm ga seg mæ sætringen i Pungen. Mari hadde både kyr, sau, gris og geit på sætre. Geitein va kje støtt så gode å mjølke. Hvis døm va for urolege, bøygde ´o Mari seg berre ned og beit geita i øyra.

Ette kort vart dæ bilveig åt sætrom, og mykje tå mjølka vart sendt mæ mjølkebil åt ysteriet. Ragnhild ysta derfor ikkje så mykje, men kinna smør. Ette dæ vart slutt på sæterdriften på Vålåsjøsetrin, jekk ofte hytte-folket frå Vålåsjøområdet råket over Pungskarven for å kjøpe mjølk og smør tå ´o Ragnhild. I dag æ detta råket tett attivukse.  Ragnhild dreiv óg ei periode med servering, og ho tok i mot posten åt hyttefolke. Det hende se at bussjåfør´n som va innum mæ posten, tok se ein kaffe-kopp mens passasjerene venta i bussen!

Veggumsætre (18)

Sætre tehørte upprinnlé Øvre Dahle. Dein kom på handel ve århondreskifte. I 1903 hørde ò te åt Rosten, sommå åre vart selét fløtt dit dæ står nå. Syver Veggum kjøfte sætre i 1905 og sia ha ó tehørt nørdre Veggum. Dæ va Ola Veggum som bygde kjerreveig dit frå Mysuseter. Dein vart seinare utbedra te bilveig.

Ultunga (19)

Detta va sætre åt Sygard Loftsgård. Ho ligg på tunga millom Storula og Vesl´ula. Dæ va gardsbruk frå gåmeil ti, men da brukar´n i Ultunga dø vart dæ sæter åt Sygard Loftsgård. Dæ ha vore mange eigare. Nå æ dæ Wilhelm Wilhelmsen frå Oslo som eig sætre.

Dæ æ vårkjømt i Ultunga, og dæ ha dæfor vore dyrka køynn der. Uppe i lié oggofor sætre umkom ei gjeterjente. På steillet der døm feinn´o, vart de reist ein stein. På dein æ skrivi  KOD 1861.

Kirstidalsætre (20)

Kirstidalssætre ligg for seg sjøl midt millom Mysuseter og Raphamn. Dæ æ sætre åt Smedstugun på Selsverket. Sélet som æ der i dag, vart sætt upp tå Gammel-Imbert Leirhole i 1913. Dæ gamle sélet hadde ´kje årstall.

Overnattingssteille

Kleivrohusein (21)

Dette va overnattingssteille for Kleivro-folket, når døm va på veig åt Gammelsætre ved Bjøinnolie mæ buskapen. Kleivrohusein låg der n´Anton Rusten bygde seg hytte. Han va fastbuandes på Mysuseter i fleirfolduge år. Anton dreiv mæ hytte-tesyn, og bygde óg hytto for andre. Da han vart gåmeil, overtok dotter hass, ho Tora, og meinn henna, n´Ragnar Høgste. Ragnar ha bygd mange hytto på Mysuseter.

Rondane Hotell (22)

Detta overnattingssteille vart bygd i 1900 med umlag tjuge sengeplasser. Olø, Anton og Pål Nordgard Loftsgård sto for byggingen. Pål kjøfte ut Anton og fekk to treia-deler. Seinare fekk dæ navnet Mysuseter Høyfjellspensjonat og så Mysuseter Fjellstue.

        

Rondane fjellstue (23)

I 1939 åpna Hans Nygård Rondane Fjellstue på Ulvoldskvea. Fjellstugu brende ned i 1961. Dein vart bygd upp att, og i dag heite dæ Rondane Høyfjellshotell og Hytter.

Mysuseter Turisthytte (24)

Detta overnattingssteille låg på Nørdre Kleivmellomsætre, tvers over veigen for Rondane Fjellbutikk. Ingeborg Hammersløkken og Ole Gundersen Moen tok over turisthytta fyrry krigen, ette at døm slutta i Rondvassbu. Turisthytta va i drift te hausten 1951.

Kilder:

Steinar Grønn (Nerdahlesætre)

Sigmund Veggum (Veggumsætre)

____________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

selhistorie.no har et samarbeid med otta2000.com, Sel Historielag og næravisa Norddalen på Otta om utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag og bilder.

Organisasjonsnummer 990 783 624

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 11. januar 2012.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo